NHH

 

BUS424 STRATEGISK REKNESKAPSANALYSE

 

KURSANSVARLEG

Kjell Henry Knivsflå

  

BUS424 VIL GÅ NESTE GONG HAUSTEN 2014,

DÅ MED MATTIAS HAMBERG SOM KURSANSVARLEG

 

E-post: kjell.knivsfla@nhh.no

Telefon: 55 95 95 50

 

Målet med BUS424

er å gje deg som kursdeltakar kunnskap som er nyttig for at du skal kunne analysere offentleggjord rekneskapsinformasjon frå private verksemder med tanke på å kartleggje og avdekkje underliggjande, økonomiske forhold i desse verksemdene, både risiko og lønsemd.

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 


MENY:

 

·         FØRELESINGSPLAN - HAUST 2012

·         FØRELESINGSPLANSJAR 2012

 

·         DØME: TELENOR - TELEBRANSJEN

·         EKSAMENSRELEVANTE OPPGÅVER 

 

   

 

 

BUS424

 

Kurset startar med ein gjennomgang av rammeverket for korleis strategisk rekneskapsanalyse bør gjennomførast for å få innsikt i underliggjande økonomiske tilhøve i den analyserte verksemda, både risiko og rentabilitet. Utgangspunktet er offentleg informasjon, særleg rekneskapsinformasjon i form av års- og delårsrapportar.

 

Analysen vert gjennomført i to steg:

 

1)    Strategisk analyse og

 

2)    rekneskapsanalyse.

 

Steg 1, strategisk analyse, er eit kvalitativt analyseverktøy for å få innsikt i om verksemda har ein strategisk fordel i form av ein bransjefordel og/eller ein ressursfordel. Strategisk innsikt om kjeldene til bransjefordelen får me gjennom bransjeorientert strategisk analyse, særleg gjennom makro- og porteranalyse. Innsikt i ressursfordelen får me gjennom ressursorientert eller selskapsspesifikk strategisk analyse, særleg gjennom vrio- eller kikk-analyse.

 

Steg 2 er kjernen i kurset – og går føre seg i fire etappar:

 

2.1 Utarbeiding av «trailing» årsrekneskap,

2.2 omgruppering for rekneskapsanalyse,

2.3 analyse og eventuell justering av målefeil og

2.4 forholdstalsanalyse – både analyse av risiko og rentabilitet.

 

Analyse av risiko inneheld likviditetsanalyse, soliditetsanalyse og syntetisk rating. Analyse av rentabilitet startar med analyse av avkastingskrav, dvs målestokken, og deretter vert rentabilitet samanlikna med kravet. Superrentabiliteten til eigenkapital, dvs ek-rentabilitet utover kravet, vert splitta i ein driftsfordel og ein finansieringsfordel. Driftsfordelen vert splitta i ein bransjefordel og ein ressursfordel, jamfør den strategisk analysen i steg 1 – og verknaden av gearing på drift vert drøfta. For å få innsikt i ressursfordelen kan han splittast ytterlegare ein marginfordel og ein omløpsfordel.

 

Resultatet av strategisk rekneskapsanalyse er kvalitativ og kvantitativ innsikt om underliggjande økonomiske tilhøve i den verksemda som vert analysert – det vere seg risiko og rentabilitet. Til dømes kan innsikta nyttast ved kredittvurdering slik som i BUS424 og verdivurdering slik som i BUS425 og BUS440.

 

Det er ein klar fordel, men ikkje eit formelt krav, å ta kurset BUS402 Finansrekneskap før eller samstundes med BUS424. Manglar denne forkunnskapen om regelverk og rekneskapsbasert måling kan særleg analyse og justering av målefeil (dvs. steg 2.3) verte ein tyngre prosess enn elles.

 

Kurset er basert på detaljerte førelesingsplansjar som er kjernen i pensum, i alt godt over 1500 plansjar! Plansjane vert delte ut gratis på førelesing - eller dei kan lastast ned frå heimesida. For å få innsikt utover det plansjane kan gje, bør du også lese rekneskapsanalysedelen i anten Penman, S. H. “Financial Statement Analysis and Security Valuation, eller Palepu, Healy og Peek “Business Analysis and Valuation; IFRS Edition”.

 

Kurset er stor grad basert på førelesingar som presenterer, utdjupar og illustrerer rammeverket for strategisk rekneskapsanalyse. Praktisk illustrasjon skjer gjennom at Telenor vert analysert i høve til andre televerksemder i Norden. For å trene på og få praktisk innsikt i strategisk rekneskapsanalyse vert det delt ut to oppgåvesett med eksamensrelevante oppgåver som kursdeltakarane kan arbeide med på eiga hand. Det vert delt ut detaljerte løysingsforslag – og utvalde oppgåver vert gjennomgådde i to særskilde førelesingar; sjå førelesingsplanen. Kravet til kursgodkjenning er jamt oppmøte på førelesing og at ein jobbar seriøst med oppgåvesett 1 og 2.